Ola Sønderland

1. kandidat

Utdanning: Har studert eit år med statsvitenskap og eit år med jus.

Yrke

Arbeider som eigedomsutvikler. Har restaurert Hans Thiis Møllersgate 10 i Molde, gamle Sjøholt hotell i ørskog og ein del mindre bygninger. Arbeidsplasser er Molde, Sjøholt og Brattvåg.  Køyrer elbil mellom disse lokasjoner i det flotte fylket.  Slår ofte av ein prat med folk på ferga. Har mange meininger om politikk sett utifrå ein base som sjølvstendig næringsdrivande.

Politikk
Har før vore i Haram kommunestyre og i Ørskog kommunsetyre (for Venstre). Har hatt lederverv
i helse og sosial og teknisk komité. Er oppteken av berekraft både når det gjeld folk og mat.

Lakseoppdrett
Er svært skeptisk til lakseoppdrett fordi næringa er basert på import av soyaprodukter, giftbruken mot
lakselus er dramatisk auka.  Medan vill – laksen slepp lusa når den gjeng opp i elvane, så er ikkje dette
praktisk mogleg i oppdrett. Har ikkje tru på at anlegga skal på land fordi det er for arealkrevjande, men
dei må lukkast maritimt og ein lyt pumpe sjøvatn frå djupare farvatn som ikkje inneheld lus.  Så må ein ta vare på avfallet og ikkje sleppe dette rett i sjøen, men få det på land og inn i biogassanlegg. Næringa må sjølv finansiere forsking på dette.

Gratis sykkel på ferga
Lokalpolitikk skal også vere gøy.  Gratis for reisande med sykkel på ferga er ein tanke i den lei at ein må
spinne rundt å treffe tiltak som reduserer biltrafikken.  Å premiere syklister og etablere sykkelveger før og etter fergetraseer er ein god tanke. Bilistane må finansiere dette ved å betale meir avgift på bensin og diesel.  Bensin og diesel er alt for billig.

Fossilt brennstoff må fases ut
Dette er ikkje berre isolert for miljøet sin del, men fordi det også på sikt er lurast økonomisk for å få opp prisen på oljen.  Å pumpe opp olje i eit stort monn til lav pris er ikkje berekraftigt og ein treng ikkje vere økonom  for å tenke slik.

Ein lyt ile langsomt fordi det gir mest glede, sparer miljøet og gir sikrast berekraftig økonomi.

- "Lukka er nær der DU er".